2.påskedag

Tidlig start, a-menneske av natur! Det er lite som kan måle seg med å komme i gang med dagen tidlig, stemningen er ubeskrivelig. Frukost med mamma og søster, lenge siden sist.
Fekk faktisk på meg ei bukse om eg ikkje har fått på meg siden eg var sjuk for eit par år siden, det må jo bety at trening og kosthold hjelpe
r. Målet med å komme ned på 66 er absolutt ikkje nådd, men frå i dag av skal eg her skrive opp daglige og/eller vekentlige målingar av vekt og måling. Vekta viste i dag 74,2. Etter ein veldig rolig påske, lite trening og mykje tid i kontorstolen var det ikkje verre enn forventa. Heller ikkje middagsbesøket i går gjorde jobben lettare for meg.

To tanter, kusine og fetter, mamma og søster var samla for lammekjøtt med godt tilbehør. Som tradisjonen seier i vår familie. Tradisjonen med turgåing har ikkje blitt gjennomført denne påske som tidligare, men det er prisen å betale for ingen jobbing med skule tidligare i semesteret. Etter middag var det is og fruktsalat til dessert – det er jo sunt og godt. Problemet starta når eg laga mi signatur kake. Sjokoladekaka Damenes Favoritt! Det er faktisk ingen sjokoladekaker som kan måle seg med denne kaka! Saman med eit par flasker vin, både raud og kvit, vart kvelden berre betre! Som fundamentale konkurranse menneske, og hekta på wordfeud, vart det oldfashiond wordfeud rundt bordet. Tårene trilla medan fenurlige versjonar og ord vart presentert. Tante sitt mål med konkurransen var å alltid vere på kanten – og det klarte ho til gangs. Poenga var absolutt ikkje viktig!❤ Familie ❤


Kommenter innlegget