Surt

Dagen starta evig trøtt når min fantastiske roomy vekka meg kl 0700. Fekk aldri sova i går kveld, tusen tankar som svirra i hovudet heile tida om dagen. Det er absolutt ikkje enkelt å vere midt i mellom ein konflikt som rokker med alt i livet til dine nærmaste. Livslange vennskap og ekteskap er ting som stikker djupt, og det gjer vondt når det kjem riper i lakken. Det å sjå at venner ikkje har det godt, og du ikkje kan gjera noko med det er tortur!

I går kveld var det tur i typisk Bergensk øspøsande regnver opp på Fjell Festning. Det finnes ikkje dårlig vêr, det finnes berre dårlege klede!

IMG_0600

Sjølv om det var surt og godt – var det lyst og fint vest i havet. Og akkurat då var det fint og sjå at det er faktisk lys i enden av vegen, sjølv om det kan vere ganske tøft og slitsomt innimellom. Den trengte eg!

Dagen i dag har vore nok ein gang med skulebøkene og har gjennomført dagens treningsøkt allereie. Sweet! Har tatt måla mine på kroppen i dag, og det kjem til å bli spennande å følgja forhåpentligvis nedgang i verdia på alle punkt i tida framover. Det vil kreve strengt kosthold, og gode treningsøkter ofte!

Skal no avgårde å snakke med mine flinke ungdommar som er med å jobbe for at klubben skal bli bedre for alle ungdommane, og dei har tatt på seg ansvaret for å gjennomføre cup og fotballskule! Spennande!

❤ mamma ❤

Kommenter innlegget