Travel dag som alltid.
Om nokon prøver å følgje med på mitt liv, så veit dei at det er opp mot umulig å ha full oversikt over alle mine ting. Lei av å måtte forklare meg gang etter gang. Lei av å få kommentarer med negativ undertone rundt engasjementet mitt, kommentarer som går djupare enn sendaren tenker over.
Vakna av meg sjølv, og strakk meg lenge før eg sto opp – med tjukkelubber, ullgenser og ullteppe under dyna! Er det mulig å fryser så heise når ein legger seg, søva gjennom heile natta utan å svette med alt dette på. Kanskje eg er sjuk?! Uansett – god natt søvn!
Yarisen min tok meg med til Idrettens Hus. Papirarbeid frå foredrag på Askøy og Masfjorden. Reiserekninger frå kurs i Nederland. Politiattest. Nettverksbygging. ( Der minna eg meg sjølv på at eg har enda meir arbeid som skal gjerast i dag!)
På Landås, HIB. Her var det tid for å vere student igjen. Figurtal, glidelåsmodellen, eksplisitt og rekrusiv formel. Eksamen nærmar seg. Men i dette faget som me leste til i dag, Ma3, kan me ha med alle trykte og håndskrevne hjelpemiddel. Plutselig bli denne eksamen nedprioritert i tidsbruk. Ma2 blei på ny 1.prioritet. Men – prosjekteksamensoppgåva i Ma3 må eg få ferdig også.
Heimom for å dobbeltsjekke alt som skal gjerast fram til eksamen, og ut frå ingenting kjem to store oppgåver til som må reknast ut og sendast inn for å få lov til å ha dei med på eksamen – som einaste hjelpemiddel! MÅ gjerast!
Stillhet og kos med mamma resten av kvelden, samtidig som litt skulejobbing. Matematikk er desverre noko som forsvinn frå hjernebarken når den ikkje blir oppfriska kontinuerlig!! Ekstra arbeid for å kunne gjere oppgåva som eg skal. Tida framover vil vere ekstremt strukturert – må ta fram det det ytterste av min perfeksjonisme – 8 veker i strekk!
I’m thankful for all the bad people I’ve meet in my life – they’ve showed me how I don’t wanna be!

Kommenter innlegget