Eksamenspress

Liker det dårlig, men dagane flyr avgårde – og eg føler ikkje at eg får gjort nok skulearbeid. Heldigvis nærmar eg meg slutten på den andre, og største, prosjekteksamen som skal leverast før eksamen. Dette er ei oppgåve på ca 20 sider om misoppfatningar ang brøk på ungdomskulen. Akkurat no kjenner eg at eg ikkje klarar å forsvare kvifor eg gjer dette her, kva som er gleden i å vere student – og ikkje minst kvifor matematikk er det eg har vald. Eg veit jo det ellers, og at eg trives med faget, at det er veldig kjekt å undervise i det og at eg syns det er kjempe kjekt når eg får det til. Når eg står i timen og forklara matematikk for elevar, er det lite som kan måle seg med den gode kjensla det er når det plutselig går opp eit lys for elevane. Å viderformidle gleden i forståing, sjå nytta av matte og gi sjølvtillit fordi ein har gitt mulighet til kunnskap! Ubetalelig!

klatring

I går var det tid for fysisk aktivitet. På søndag var eg på shopping. Fekk kjøpt meg våtdrakt, klatresele og klatresko. Fekk også ein del ekstra utstyr til klatringa! Det betyr at sommaren er satt og det er berre å byrja å glede seg! Med nytt utstyr er det berre å komme seg ut for å teste. Så då var det klatretur til Telavågen med nydelige vennine og Simba (hund). Å klatre oppover er kjempe kjekt, utfordrande og adrenalinkikk. Utfordringen min er å våge å legge seg ut av veggen på veg ned igjen. I det du skal legge heile livet i hendene på personen som står på bakken og på eit enkelt tau går det rundt for meg. Beina skjelver og ingenting virker logisk. Gang på gang legger eg meg ut, og i det dei gir tau og du får eit lite dupp fyser eg til og trekker meg. Mine ekstreme problem med å stole på andre er uten tvil gjeldande her. Men utan å presse seg sjølv vinner ein ingenting og ein vil aldri bli betre. Med mykje tålmodighet frå ho kom eg meg ned, og når eg først har sluppe meg og det begynner å gå litt tempo i det, så er det ingen problem. Øving gjer mester! Gleder meg til å prøve vidare.

IMG_0626gf

IMG_0623IMG_0631

For å få framgang må ein presse seg sjølv!

Kommenter innlegget