Sauar over vegen

Ein studiedag av det slappe slaget, men mykje sosialt som trengs i ein einsam kvardag med studiebøkene. Kan bli gal av for mykje kunnskap også – kan ein ikkje ?

Lunsj med tre nydelige venniner. Time etter time med latter, mimring, litt tårar og ikkje minst babysnakk. Babysnakk kjem opp uansett kor eg snur meg og går. Uansett kven eg er med og kva samanheng. Utrulig, men sånn er det vel i denne alderen. For all del – det er ikkje negativt, men det er utrulig å sjå korleis fokuset i kvardagen blir så prega og snudd etter kva vennar og familie går gjennom. Gode og morosame minnar om badtaste-party, idol-kveldar, feriar og generelt alt me fant på i vår ungdom kom fram i løpet av lunsjen. Noko som gjorde at me må møtast fleire gangar og oftare – minnene kan ikkje forsvinne.

IMG_0646

Lunsjen vart plutselig avbrutt for min del, for å redde kusina som hadde gløymd at ho skulle ta bussen til jobb. På vegen heim igjen etter å ha køyrd ho fekk eg eit stort bevis på at me leve på utkanten av byen her ute i havgapet.

IMG_0658

Everything I’m not – makes me everything I am.

Kommenter innlegget