Alle heimeeksamen er levert!
Etter 3 veker med ekstrem eksamenstid er no alle levert inn og eg kan ‘slappe av’ litt meir. Kjenner på kroppen at stresset med å klare å levere topp resultat heile vegen tar på både kropp og sjel! Eg kunne nok ha vore litt mindre opphengt i det, og dermed litt enklere å ha med å gjera i denne perioden, men det får så ver! No er det normal eksamenslesing fram til første skuleeksamen 14.mai. Då er det Ma2 eksamen, desentralisert på HIB. Deilig å ikkje måtte køyre heilt til Volda for å ta eksamen.
Gledene i går var mange! Godkjensle etter springetur på Lyderhorn etter jobb både mandag og tirsdag, med forbetring på tid begge dagar. Ikkje rart eg var sliten når eg kom til toppen! Tirsdag hadde eg med meg to ‘kaniner’ som det berre er å holde tritt med, og dei er så godt trente at eg blir heilt satt ut! Lyderhorn er ein deilig tur, både for rolig og kjapp tur.
Vidare har eg holdt coachingkurs for ungdom i fylket på Idrettens Hus på søndag. Fantastisk givande og inspirerande å snakke med så dyktig ungdom. Mandag var det tid for eit nytt yrke – eller å blåse liv i eit gamalt – telefindame og resepsjonist!
No venter dagens treningsøkt før eg skal vidare til å hjelpe familiemedlem gjennom helga! Tenker det blir bedre middag og vin til helga!

Kommenter innlegget