Ein sein laurdagskveld i sofakroken. Aleine i den mørke støva, kun med dataen og ei flaske vatn. Plutselig starter iTunes av seg sjølv og setter på sangen «Don’t forget to remember me»..
Teksten går «I know theres more important things, but Don’t forget to remember me». Det fekk meg til å tenke. Så stor som kvardagen og livet er, er det viktig å tenke på enkeltpersonane og dei små delane av livet som faktisk skaper livet. Avogtil er det vanskelig å vere så konstruktiv i tankene. Vanskelig å godta at dei tunge taka som ein må ta berre er eit trappetrinn som gjer dei gode stundene enda betre!
Siden sist innlegg har det skjedd litt av kvart – dei tunge taka har vore tydelig tilstades. Men det har så absolutt dei gode stundene også.
Semesteret er avslutta, per dags dato venter eg berre på siste sensur av eksamen. Når den blir kunngjort og eg har bestått står eg endelig med bachelorgrad og veit at det berre er eit år til på skule før eg kan gå ut i arbeidslivet. Men med så mange studiepoeng dokumentert betyr det fleire fordelar i jobbane eg har i dag, ikkje minst betre grunnlønn.
I idretten så er ungdommene mine flinke og dyktige. Dei engasjere kvarandre, seg sjølv og meg! Spennande tid i vente!
På dagtid er eg no dagmamma for ei nydelig jente på 14 mnd! Perfekt start på sommarferien 2012!

Kommenter innlegget