Verden raser!

I desse dagar føler eg at alt i min verden raser saman! Min ellers så kontrollerte og planlagte plan og kvardag bryter under beina mine, ting for ting, dag for dag.
Stresset vokser med ein skremmande hastighet! Trives absolutt ikkje med å ha det sånn som eg har det no!
Finner roen i kajakken på sjøen!

Først og fremst er det busituasjonen som eg trudde var sikra i minst eit år fram i tid. Den er plutselig endra til at eg må finne meg ny løysing. Der eg bur no kunne eg evt budd aleina eller funne nokon andre å leige med, sjølv om det ikkje er i Bergen sentrum, så er det nokonlunde sentralt og grett. Trives forsåvidt å bu her. Men når eg først skal studere så tenkte eg at det hadde vore kjekt å kjøpt i sentrum, for å teste ut livet som veldig student. Og ikkje minst for å vere meir tilgjengelig og sosial – kanskje det er oppskrifta på å finne kjærleiken?

Når valet falt på å kjøpe seg leilighet, viste deg seg at det var «lett» å få lån. Det var berre å finne seg den leiligheten ein ville ha. MEN så – var ikkje det så lett for meg. Skummelt er det, veldig skummelt! Plutselig skal stå der med masse lån og bestemme seg for å kjøpe noko som skal vare så lenge osv. Bruker jo mange mnd på å kjøpe meg eit par solbriller!

Neste motstand, og del av grunnen som slår sprikker, er grunnen til å kjøpe leilighet i byn – nemlig studier. I dag fant eg ut at mine dokumentasjoner på utdanning hadde blitt klussa med, så eg «var ikkje kvalifisert» til PPU. Får eg ikkje gå på PPU i år, utsetter det studiene mine eit heilt år – noko som er uaktuelt i mine planar! I rein panikk har eg tatt kontakt med UiO og UiS i håp om at dei kanskje har plass – sjølv om eg ikkje vil flytte til ein annan by. Alt som eg har tenkt, mål eg har satt meg og framtidsplanar blir forskyvd. Det finnes ikkje motivasjon i min kropp som godtar det!

Forutan at busituasjon og studiene er usikker, så er det downhill på altfor mange andre punkt i livet om dagen!

Plutselig står eg her – med eit spikerhovud som golvflate. Berre ein planke igjen på flåta mi som holdt meg oppe! Og i morgon skal eg gjennom ein situasjon som eg har grua meg til over lengre tid!

Holder eg meg oppe så mykje lengre ?!

Kommenter innlegget