Leiing er personleg

Nei, du må ikkje vere perfekt.

Det er mykje anna du må gjere for å vere god leiar, og det meste slår tilbake på å vere personleg.

Det er personleg for deg som leiar å vere leiar. Det er dine tankar, kjensler og idear som ofte kjem opp og fram.

Det er du som må kontrollere og få tankane, kjenslene og ideane fram på ein skikkelig måte for alle.

Og det er personleg.

Nokon sa til meg ein gong: « Du må leggje frå deg familielivet og det private heima, og vere profesjonell på jobb.»

Det meinar eg er fysisk umogeleg.

Difor må ein heller snu på det og seie at ein må vere så trygg og bevisst sin eigen situasjon, personlegdom og utfordringar at ein kan takle dei.

Du skal absolutt ikkje skjule det at du er eit menneske som leiar.
Du skal gjere feil, ta raske avgjersle, gjere andre misfornøgd og kanskje bli upopulær i nokre samanhengar.

Og du må stå for det.

Du er deg sjølv, også som leiar.

Kva synast du er det vanskelegaste med å vere leiar?

Kommenter innlegget