Å navigere tankane er som å styre ein båt mellom skjer og skjær. Ein mental modell som kan hjelpe deg med dette, er «ABC»-metoden:
Kva er ABC?
- A – Aktiverande hending: Noko som skjer rundt deg eller i deg.
- B – Tankar (Beliefs): Kva du trur og tenkjer om hendinga. Kva kjensler og tankesett kjem kvar gong du kjem i ein spesiell situasjon.
- C – Konsekvensar: Korleis tankane dine påverkar kjenslene og handlingane dine. Kva får dei deg til å gjere, som skjer kvar gong du.
Døme:
- A: Du får ein kritisk kommentar på jobben.
- B: «Eg er ikkje god nok.»
- C: Du kjenner deg demotivert og unngår vidare innsats.
Snu skuta med ABC:
- Bevisstheit: Identifiser A, B og C.
- Utfordre tankane (B): Er dette sant? Kan eg sjå situasjonen på ein annan måte? Kva har eg lyst å tenkje når eg opplev dette neste gong.
- Skap nye konsekvensar: Juster tankane dine for å få betre kjensler og handlingar. Bestem deg for kva du skal gjere med tankane, slik at du er førebudd neste gong, og har visualisert og trent tankane på kva som kan vere ei betre tanke i ein gitt situasjon.
Du kan ikkje alltid kontrollere bølgjene, men du kan styre korleis du responderer på dei.


Kommenter innlegget