Havet kan veksle mellom stille skjærgård og kraftige bølger, akkurat som livet kjennast innimellom. Pusten er som eit anker som hjelper deg å halde deg stabil, uansett kva du står i.
Kvifor er pust viktig?
- Dempar stress: Kontrollert pust aktiverer det parasympatiske nervesystemet og roar kroppen.
- Fokus: Dyp pusting aukar konsentrasjonen.
- Energi: Rett pusteteknikk kan gi meir energi og overskot.
Enkle pusteøvingar:
- Fyrtårn-pusten: Stå rett opp og ned, trekk pusten djupt inn gjennom nasen, og pust sakte ut. Førestill deg at du er eit fyrtårn i storm.
- 4-7-8-teknikken: Pust inn i 4 sekund, hald pusten i 7 sekund, og pust ut i 8 sekund. Gjenta minst 5 gongar.
- Bølgjepust: Sitt eller ligg komfortabelt. Pust inn sakte medan du tenkjer på bølgjer som rullar inn mot stranda, og pust ut medan bølgjene trekkjer seg tilbake.
- Hiskte: Dra to gongar raskt inn (tenk litt sånn du puster inn når du hiskter i gråt), og pust langt ut.
Gjer desse øvingane til ein del av kvardagen. Pusten din er eit kraftig verktøy som alltid er tilgjengeleg.


Kommenter innlegget