Har du nokon gong stått på eit fjell og sett utover havet, medan du funderer på kva veg du skal gå vidare? Visualisering er som ein mental kompassnål som hjelper oss med å navigere mot måla vi set oss, same kor stormfullt terrenget kan vere.
Kva er visualisering?
Visualisering er kunsten å sjå for seg framtidige situasjonar, mål eller handlingar i tankane dine. Det handlar ikkje berre om å «drøyme», men om å lage klare mentale bilete som hjelper deg å førebu deg mentalt. Grunnen til at du vil gjere det er at hjernen ikkje er god på å skilje fantasi og virkeligheit. Difor trur hjernen at du har gjort handlinga før, er førebudd og klar når du faktisk står i situasjonen. Om det er ein presentasjon, ei straffe, ei vanskeleg samtale, ein idrettsprestasjon eller eit salgsmøte.
Korleis fungerer det?
- Forsterkar fokus: Visualisering hjelper hjernen med å skille mellom det du trur og det du faktisk gjer. Dette styrkar fokus og meistring.
- Aukar tryggleik: Å «sjå» seg sjølv løyse ei utfordring kan dempe nervøsitet.
- Betre prestasjon: Mange toppidrettsutøvarar brukar visualisering for å sjå seg sjølve vinne, noko som gir betre resultat.
Praktiske steg for visualisering:
- Finn roen: Sett deg ein plass der du kan slappe av utan avbrytingar.
- Sjå det for deg: Visualiser målet ditt så detaljert som mogeleg. Kva ser du, høyrer du, og kjenner du? Kven ser du, kven er rundt deg, kva lukter du?
- Bruk følelsar: Kjenn på korleis det følest å oppnå målet. Gjer det levande! Sett ord på dette, kanskje du skriver ned, seier det høgt eller filmer det for deg sjølv.
- Gjer det ofte: Jo meir du trenar, jo sterkare blir det mentale bilete.
Visualisering er som å legge ut ein seilbåt på eit ope hav. Med eit klart bilete av destinasjonen kan du navigere gjennom både stille og storm.


Kommenter innlegget