Teamet som presterer på høgt nivå ….

1. Klarar å vere verbal og fysisk i å vise og uttrykke kva dei verdsetter. Både med seg sjølv, med sine kollegaer og miljøet dei er i.

2. Deltakarane av teamet er autentiske i sin rolle. Det tyder at dei faktisk meinar at dei vil vere der, og at dei er trygge nok til å vere ærlege. Det er takhøgde for alle kjensler og meiningar.

3. Tek kontakt med kvarandre også utanfor jobb. Det kan gjere at den uformelle praten går lettare, ein klarar å oppklare ting som kunne blitt ein misforståing og relasjonene blir sterkare. Så ta opp telefonen til dine kollegaer.

4. Bruker tid på å snakke om ting som ikkje har noko med jobben å gjera. Felles interesse, hobby og meiningar kjem då fram og det igjen styrkar relasjonen. Som igjen styrkar sjansen for at kvar enkelt i teamet er autentisk.

5. Har tydeleg strategi for møtene. Det kan vere at alle er forventa til å ha førebudd seg for at alle stiller likt og ein ikkje sløser tid. Ha status på prosess i alle prosjekt slik at alle er oppdatert. Tydeleg tidsplan og ha avklarte forventingar til møtet.

= Eit team som skapar resultat og presterer på eit høgt nivå ✅

Kommenter innlegget

Velkomen til StrilaStyrke

Gjertrud Østervold Toft

Sertifisert mentaltrener og coach, innan presentasjonspyskologi. Har 15 års erfaring som pedagog. 20 års efaring som leiar i næringsliv og i norsk idrett. Kurslærar, mentor, foredragsholder og gründer. Erfaring frå blant anna IOC, NIF, NFF, UEFA, Equinor, NSI