Helledussen for ein god følelse !
Eg har realisert ein draum eg har hatt i mange år – og håpar at det er fleire som synest den er lika kul som eg syns! 🤩
Eg har sett saman eit fysisk, aktivt og skummelt kurs for deg som vil ta eigerskap til din eigen personlege vekst!
Du som er kvinneleg leiar, eller drøymer om å bli det – eg brenn for at du skal stråle av tryggleik og stolthet i di rolle!
Kurset går frå fredag til søndag, langt ute i havgapet, vest for Bergen 🌊 Og målet mitt er at du skal utvide komfortsona, kjenne meistring og tryggleik i din personlege leiarstil.
Me byrjar fredagen med å bli kjend , le så me griner og bli enige om at det er heilt innanfor å vere seg sjølv og lære undervegs.
Kvelden vert avslutta med grunnleggjande krus i SUP, med solnedgangtur heilt ut i havgapet.
Laurdagen skal me pirke i alt som er deg på godt og vondt, spesielt som leiar. Stille dei krasse, litt ufølsomme og bestemte spørsmåla som får deg til å tenke; kven er eg eigentleg? Kva er det som gjer at eg gjer det eg gjer på den måten eg gjer?
Mest truleg vil du reise heim med fleire spørsmål enn du kom med! Du skal få stille alle spørsmål du tenkjer på, og eg lover å utfordre deg !
Me skal finne ditt personlege kompass som leiar og du får fylle ut di personlege bok om kven du er.
For å vekse må komfortsona utfordrast. Coastering er det neste på planen. Tryggleik først, men pulsen og spenninga skal variere saman med bølgetoppane som slår mot berga me skal klatre opp før me hopper uti igjen!
Kanskje er tilogmed middagen på bordet ei ny oppleving for dei fleste – havet kan by på det meste!
Søndag og tid for morgonbad eller treningsøkt. Uansett så skal det kjennast på kroppen!
Neste på programmet er å få vise kva du er god for når du snakkar. Det kjem til å svi, og det kjem til å vere svett. Me skal finne alle ‘eh’, ‘påeinmåte’, ‘liksom’ og dansesteg som er blindpassasjerer når du står i rampelyset.
Me skal bli endå betre kjend med deg, når du skal pitche utan bruk av jantelov. Du skal fylle den nye boka di med nye oppgåver som skal løysast i tida framover. Og du skal kjenne at det er ei anna dame som reise heim.
Heile deg skal i ilden, og me skal snu kvar stein for at du veit akkurat vegen å gå for å bli dronninga på dansegolvet!
Det er meir denne helga, men trur du ser teikninga! Me skal parkere janteloven saman og få fram det beste i deg!
Kva sit du igjen med? Komfortsona er endra, måla er spikra, flauheten parkert og trua (på deg sjølv) er himmelhøg!
- Utvida komfortsone
- Enorm meistringskjensle
- Større tryggleik i deg sjølv
- Eit personleg kompass ut frå dine verdiar og mål
- Ei kasse full av reiskapar
- Evne til å stå sjøbein i vanskelege situasjonar
- Nettverk av fantastiske menneske
- Motivasjon og inspirasjon til å jobbe mot målet.
- Rå på presentasjonar
Meld deg på med e-post på denne lenka og ver ute tidleg for å få plass.

Kommenter innlegget